Introducing
Your new presentation assistant.
Refine, enhance, and tailor your content, source relevant images, and edit visuals quicker than ever before.
Trending searches
Har til oppgåve å bryte ned maten vi et, slik at cellene får nærings-stoff
Stoff i maten som kroppen ikkje treng blir skilt ut som avføring
Fordøyinga startar i munnen og sluttar i endetarmen.
Er eit 5 meter langt rør gjennom kroppen.
Omfattar også spyttkjertlane, bukspyttkjertelen, galleblæra og levra.
+mange fleire
Tennene tygg maten, som då blir delt i mindre bitar.
Spyttkjertlane skil ut spytt. Spytt er ei seig væske av vatn, slim og enzym som gjer at maten blir mjuk og glatt.
Spyttet har også ein rensande og bakterienedbrytande virkning på tennene og munnen.
Tunga og kinna eltar maten når vi tygg slik at maten blir blanda med spytt.
Svelget og tunga har viljestyrte musklar som pressar maten ned frå munnen til spiserøret.
Når dette skjer blir svelgrefleksen utløyst:
Fører maten frå svelget og ned i magesekken ved hjelp av peristaltiske rørsler.
Maten blir ført nedover i små porsjonar, og brukar ca. fem sekund frå svelgrefleksen til magesekken.
Innsida av magesekken er kledd med ei slimhinne som har mange små kjertlar som lagar magesaft og slim.
Glatt muskulatur eltar maten slik at den blir blanda med magesaft.
Magesafta inneheld:
Slim vernar magesekken mot magesyra
Det er her det meste av næringsstoffa blir brutt ned slik at dei blir små nok til å blisugd opp av blodet.
Tynntarmen er delt i tre delar:
Har fått navnet sitt på grunn av lengda.
Nedbryting av næringsstoff og opptak i blodet skjer i heile tynntarmen, men det er her det meste skjer.
Innhaldet blir blanda med tarmsaft, galle og bukspytt.
Har til oppgåve å produsere galle.
Den veg ca. 1,5 kg hos eit vaksent menneske.
Har over 500 livsviktige oppgåver, den treng derfor stor blodgjennomstrømming.
Leveren får tilsendt næringsstoff som er sugd opp av tarmen, bearbeidar dei før dei blir sendt vidare til kroppen.
Leveren har også till oppgåve å bryte ned giftstoff som alkohol og medikament.
Er også eit lager for energi (glykogen), jern, vitamin A, D, K og B12.
Er eit lager for gallen som blir produsert av leveren.
Den pressar galle ut i tolvfingertarmen når vi har ete feitt.
Gallen finfordelar feittet slik at enzyma i tarmen kan komme til og bryte det ned fullstendig.
Vi kan kalle galle for kroppens Zalo.
Produsera bukspytt, eit enzym som spaltar karbohydrat, protein og feitt.
Den produserar også hormona insulin og glukagon.
Tarmsaft frå slimhinna blir tilsett for å ta seg av den siste delen av spaltinga av karbohydrat og protein.
Næringsstoffa er no så små at dei kan bli sugd opp av blodet.
Innsida av tynntarmen har mange folder, som her tett i tett med tarmtottar, desse har igjen mange mikrotottar.
Kvar tarmtott har kapillærer der næringsstoffa blir sugd opp (diffusjon).
Innhaldet frå tynntarmen kjem porsjonsvis over i tjukktarmen.
Innhaldet er då flytande og inneheld ufordøyde matrestar, vatn og salt.
Peristaltiske bølger eltar innhaldet og pressar det nedover i tjukktarmen.
Tjukktarmen har tre viktige oppgåver:
I tjukktarmen er det milliardar av bakteriar som er i samspel med kvarandre og kroppen.
Ein sunn tarmflora er nødvendig for at vi skal ha god helse.
Vi får sunnare tarmflora av å ete mykje kostfiber og stor variasjon i plantekosten.
Somme bakteriar produserar K-vitamin og folsyre.
For at kroppen ikkje skal miste så mykje vatn og salt, sug tarmen det opp.
Kostfiber påverkar kor fort innhaldet går igjennom tarmen, dermed kor mykje vatn som blir sugd opp.
Går innhalde for seint, blir det sugd opp mykje vatn, og avføringa blir for fast, det kan føre til at du blir forstoppa.
Går innhaldet for fort, blir det sugd opp for lite vatn, avføringa blir laus - diarè.
Tjukktarmen går over til endetarmen som er ca 15 cm lang.
Den er til vanleg tom.
To til fire gangar i døgnet blir det utløst kraftige sammentrekningar som fører tarminnhaldet ned mot endetarmen.
Når innhaldet kjem inn i endetarmen, blir det utløyst ein refleks som gir eit behovfor å tømme tarmen.
Siste del av endetarmen har to ringforma musklar, der den eine er viljestyrt, derfor kan vi kontrollere tømming av avføring.
Skriv svar på oppgåvene i eit eige dokument, og lever i Teams.
Til denne oppgåva treng du:
1 glass vatn
Matolje
Zalo eller anna oppvaskmiddel
a) Hell litt matolje i eit glass med vatn. Kva skjer?
b) Ta eit par dråpar oppvaskmiddel i glasset og rør rundt med ei skei. Kva skjer?
Samanlikne det du har gjort med oppgåva som gallen har i kroppen. Forklar kva du har gjort, kva du har sett og resultat.
Du et eit måltid som inneheld ei grov skive med leverpostei, ei grov skive med kvitost, ei gulrot og eit glas med appelsinjuice.
a) Kva slags næringsstoff finns det i dette måltidet?
b) Kva for oppgåver har desse næringsstoffa i kroppen?
c) Forklar kva som skjer med maten og næringsstoffa på vegen gjennom fordøyelsesystemet.
Les om sjukdommar i fordøyingsorgana på s. 262-265 i Helse-boka