Loading presentation...

Present Remotely

Send the link below via email or IM

Copy

Present to your audience

Start remote presentation

  • Invited audience members will follow you as you navigate and present
  • People invited to a presentation do not need a Prezi account
  • This link expires 10 minutes after you close the presentation
  • A maximum of 30 users can follow your presentation
  • Learn more about this feature in our knowledge base article

Do you really want to delete this prezi?

Neither you, nor the coeditors you shared it with will be able to recover it again.

DeleteCancel

Make your likes visible on Facebook?

Connect your Facebook account to Prezi and let your likes appear on your timeline.
You can change this under Settings & Account at any time.

No, thanks

SVANGERSKAP

No description
by

Sofie Engevik Adriansen

on 1 February 2014

Comments (0)

Please log in to add your comment.

Report abuse

Transcript of SVANGERSKAP

SVANGERSKAP
-Frå graviditet til fødsel
Innhald
Byrjinga
Vegen til eggcella
Eggcelle i livmora
Fosterutvikling
Periodane i graviditeten
Fødsel
Laga av Sofie Engevik Adriansen
Vegen til eggcella
Når sædcellene kjem inn i kvinna, har dei ein lang veg å symje, og vegen består av mange hindere. Det første hinderet er livmormunnen. Slimet er seigt, og blir derfor vanskeleg å symje gjennom. Det er kun dei beste symjarane som kjem gjennom her. 10 000 av sædcellene kjem seg vidare, mens resten av dei ein millionane har rota seg bort.
Eggleiaren er neste hinder. Den er som ein labyrint, og kun 200 sædceller finn vegen gjennom. Når dei er gjennom er dei komen til eggcella, så då er det førstemann til mølla av dei som er igjen.
Graviditeten startar ved samleie. Skjeden får då tilført mange millionar av sædceller, og ein av dei (vanlegvis berre ein) endar opp som ein baby.
Befrukta eggcelle i livmora
Befruktinga er når sædcella smeltar saman med eggcella. Dette skjer i eggleiaren.
Den befrukta eggcella blir så frakta til livmora. Dette skjer som oftast på rundt tre dagar. Eggcella er no blitt ein celleklump, og festar seg litt ned i livmorveggen. Her vert den liggjande. Eggcella er avhengig av næring, så derfor veks det ut nokre røter frå celleklumpen som og gir opphavet til organet morkaka.
Fosterutviklinga
-Blir delt inn i tre periodar: Celledelingsperioden, embryonalperioden og fosterperioden.
- Utviklinga varer i rundt 37 - 43 veker, og etter utviklinga er fosteret blitt til eit menneske.
Celledelingsperioden:
I celledelingsperioden blir den første celleklumpen danna. Den blir kalla for ein celleklump fordi cella då liknar eit bringebær. Dette skjer fordi cella byrjar å dele seg eit døgn etter at ho har vorte danna. Ho deler seg utan å auke mengda av cytoplasma, så derfor får ho mange kuler.
Embryonalperioden
I embryonalperioden blir det danna celler med spesielle oppgåver. Cellene i den første celleklumpen utviklar seg i ulike retningar. Celleklumpen blir til ei slags plate som er tjukkare i kvar ende. Den eine fortjukkinga skal bli hovudet, mens den andre liknar ein hale. Mellom fortjukkingane blir det ei fordjupning der det seinare blir danna ryggrad og delar av nervesystemet. Cellene blir så til organ, og nesten alle er ferdige etter seks veker.
Fosterperioden
Det er i fosterperioden dei ulike organa utviklar seg og modnast. Nokre få system som ebryoet har danna, treng vi ikkje og går derfor til grunne. Fosteret ligg inni ei blære som beskyttar mot støytar.
Periodane i graviditeten

-Graviditeten blir delt inn i tre periodar. Kvar av periodane varar i tre månader.
Første periode
I den første perioden (dei første 12 vekene), dannar fosteret organ. Kvinna veit enno ikkje om ho er gravid, men kan ta ein graviditetstest om ho får mistanke til det. Ho kan merke om ho er gravid ved at mestruasjonen er for sein for eksempel.
Andre periode
Det er i den andre perioden at kvinna kan kjenne liv i magen. Kvinna er i denne perioden som oftast full av energi, og ho byrjar å gå opp i vekt. Fosteret blir litt større, og andre kan sjå at ho er gravid.
Tredje periode
I denne siste perioden blir fosteret feita opp. Det ligg ferdig i magen, men er fortsatt ganske spinkelt. Kvinna blir tyngre, og får som oftast søvn- og/eller ryggproblem mot slutten av svangerskapet.
Fødsel
- Prosessen der fosteret skal ut av livmora.
-Fødselen blir delt inn i tre fasar.
Første fase: "Vatnet går"
Andre fase: Barnet blir pressa ut
Tredje fase: Morkaka blir pressa ut
Første fase (opningsfasen) byrjar når posen fosteret ligg i sprekk. Dette blir då kalla at "vatnet går". Samantrekningar i livmora gjer då at fostervæske kan komme ut gjennom skjeden. Denne fasen er ikkje over før livmormunnen har utvida seg heilt.
Den andre fasen vert kalla utdrivingsfasen. No blir barnet fødd, ved hjelp av samantrekningane i livmora og pressinga til kvinna. Det er mest vanleg at hovudet på barnet kjem ut først, men babyen kan og kome ut i andre posisjonar. Ligg babyen på tvers må det til med keisarsnitt.
Etter fødselen er det morkaka si tur til å kome ut. Denne fasen vert kalla etterbyrdsfasen, og startar eit kvarter etter at babyen er fødd. Morkaka kjem lettare ut dersom barnet allereie vert amma, for det fører til eit frislepp av eit hormon som får livmora til å trekkje seg saman.
Mellom andre og tredje fase, altså rett etter fødselen, må lungene og hjartet til barnet omstille seg. Babyen må klare å puste på eiga hand, og blodet må sirkulere rundt i kroppen.
Byrjinga
Full transcript