Loading presentation...

Present Remotely

Send the link below via email or IM

Copy

Present to your audience

Start remote presentation

  • Invited audience members will follow you as you navigate and present
  • People invited to a presentation do not need a Prezi account
  • This link expires 10 minutes after you close the presentation
  • A maximum of 30 users can follow your presentation
  • Learn more about this feature in our knowledge base article

Do you really want to delete this prezi?

Neither you, nor the coeditors you shared it with will be able to recover it again.

DeleteCancel

Make your likes visible on Facebook?

Connect your Facebook account to Prezi and let your likes appear on your timeline.
You can change this under Settings & Account at any time.

No, thanks

Barokken!

Ei ven tidslinje om barokken
by

Kristina Juklis

on 8 February 2013

Comments (0)

Please log in to add your comment.

Report abuse

Transcript of Barokken!

BAROKKEN Barokken byrja om kring på 1600-talet, og starta først i Roma før den spreidde seg til resten av Europa.
Dette var ein reaksjon på renesansen der det einskilde mennesket skulle stole på eigne sansar og observasjonar, og ikkje Gud.

I barokken var arkitektur, skulptur, musikk, målarkunst og litteratur igjen prega av det religiøse livet.
Etter hundre år var det over, og opplysingstida tok over Stilen vart utløyst av ei uroleg tid med mykje krig i Europa, der motsetningane mellom den katolske og protestantiske kyrkja var sentral.

Det heile begynte gjennom malarstilen og arkitekturen, før barokken også inntok litteraturen. Barokken sto sterkast i Italia og Frankrike, der slottet i Versailles og Petersplassen i Roma var sentrale.

Typisk for bygningar frå barokken er bogar, ornament og kurvar. Stilen kan verke pompøs og overdådig. Kunsten og musikken
var prega av sterke verkemiddel, mykje dramatikk og stor lidenskap. Og religion då sjølvsagt. Petersplassen i Roma Slottet i Versailles, Frankrike
-påbegynt i 1626 Johan Sebastian Bach var født i i Eisenach, Tyskland, i 1685 og døydde i 1750. Han blir rekna som den store barokk-komponisten, og er ein av dei mest kjende komponistane i Europa si musikkhistorie.

Bach kom frå ein musikalsk familie med fleire organistar og musikarar. Etter fullført musikkutdanning arbeidde han som musikklærar og organist.

Det var først etter han døyde at folk forsto kor fantastiske verka hans verkeleg var. Johan Sebastian Bach "Air" - ein av dei mest kjende komposisjonanane til Bach Ein mashup av Bach sin "Toccata In D Minor" og
"Run This Town" av Rihanna, Jay-Z & Kanye West Litteraturen var og prega av religionen, men med meir kontrastar. Salmane og dikta var dei viktigaste sjangrane.

Av kjende forfattarar var briten John Milton ein av dei. I Noreg var Peter Dass, ein prest i Nordland, Thomas Kingo, dansk prest, og Dorothe Engelbretsdotter, ei prestekone dei mest kjende. Dorothe Engelbretsdotter var født i Bergen i 1643, og døydde i 1716. Ho var gift med ein prest og fekk ni born, men alle i familien hennar gjekk bort. Kvinnelige forfattarar var svært uvanleg på denne tida, og Engelbretsdotter var den fyrste kvinnelige forfattaren i Noreg.
Det var mange som heilt fram til mannen hennar døydde trudde det var han som skreiv, noko ho motebevisste ved å halde fram den gode skrivinga i etterkant av hans bortgang. Dorothe Engelbretsdotter Engelbretsdotter var også den første forfattaren i Noreg som kunne leve på inntekta av diktinga si, og ho var den første til å få diktargasje (kunstnarstipend) frå kongen.

I dikta sine formilda ho det som så mange andre diktarar i Barokken gjorde; at det berre var i himmelen at frelsa fanst. Ei kjend samling frå forfattarskapen hennar er Siælens Sang-Offer.

Alle Verdslige Ting forgaar,
Jeg til Herliged opstaar,
Naar Gud ved Basunens Lyd,
Kalder mig til Evig Fryd. Utdrag frå
"Siælens Sang-offer" Thomas Kingo Ulike måleri frå barokken: Thomas Kingo var født i 1635 i Danmark, og døydde i 1703. Han var gift tre gonger, den siste gongen 60 år gammal med ei jente på 17 år. Kingo arbeidde som lærar og kapellan for ein prest på same tid som han dikta og skreiv salmar.

Kingo skal vere rekna for å vere den største barokk-diktaren i Norden, og salmane hans var i bruk i den Norske Salmeboka heilt fram til 1985. Han var aller mest kjend for salmane sine, men også fleire dikt. I 1683 fekk Kingo i oppdrag frå den danske kongen å skrive ei ny salmebok, men det var først i 1699 at salmeboka kom ut.
86 av 300 salmar var skrivne av han sjølv, og ho vart kalla for Kingos Salmebok. Denne er framleis i bruk i delar av Danmark. Utdrag frå salma
"Hver har sin Skæbne Sorrig og Glædede vandre tilhaabe,
Lykke, Ulykke de ganer på Rad,
Medgang og Modgang hin anden anraabe,
Solskin og Skyer de følgis og ad!
Jorderiigs Guld
er prætig Muld
Himlen er Ene af Salighed fuld. I dikt og salmar var det viktig med kontrastar, overdriving og dramatisk bildebruk.

Dikta skulle få fram samanhengen mellom himmel og jord, og korleis mennesket burde strebe etter forsoning. Salmane Dikta Typiske verkemiddel i barokkdiktinga:
-sterke bilete, gjerne bygd opp på kontraster
-talrike adjektiv, gjerne samansette
-konkret og abstrakt er gjerne stilt saman
-direkte henvendingar til leseran
-dikta byrja ofte med et utrop.

Det vart også skrive dikt som ikkje var religiøse, men heller som spott. Dei vart skrivne i skjul, og er ikkje like godt tatt vare på som dei religiøse dikta. Kyrkja bestilte dikt og heile salmebøker hos forfattarar.

Salmane hadde ofte folketonar, noko som gjor dei meir populære.

For mange var det kun gjennom salmane dei fekk kunnskap om kristendommen, og for nokre einaste staden dei fekk lese. Salmen "Herre Gud, ditt dyre navn og ære", skriven av Peter Dass. Sang: Sissel Kyrkjebø. KJELDER Petersplassen: http://aomoi.net/blogg/2011/04/petersplassen-i-dag/Slottet i Versailles:http://www.123rf.com/photo_8080875_famous-palace-versailles-near-paris-france-with-beautiful-gardens.html
Skulpturen: http://www.tumblr.com/tagged/italian%20baroque
Johann Sebastian Bach:http://en.wikipedia.org/wiki/File:Johann_Sebastian_Bach.jpg
Dorothe Engelbregtsdotter:http://iselinbjerkelikrohn.blogspot.no/2012/12/norvagisme.html
Siælenssangoffer:http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Daater_Komplatt_title_page.gif
Thomas Kingo:http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Thomas_kingo.jpg
Salmeboka: http://www.tidsskrift.dk/index.php/fundogforskning/article/view/1321/2122
John Milton:
http://possil.wordpress.com/tag/john-milton/ Bilete Om Barokken, Thomas Kingo og Dorothe Engelbregtsdotter:

Signatur, Det Norske Samlaget, Oslo 2008, kap.8 Litterære utviklingsliner, Barokken s.186

Om Sebastian Bach: http://snl.no/Johann_Sebastian_Bachhttp://snl.no/.taxonomy/3166 31-01-13 John Milton John Milton var født i 1608, i England og døydde i 1674. Han har skrive eit av det aller mest kjende litterære verket frå barokken, Det tapte paradiset, som kom ut i 1667.

Milton var derimot ikkje kristen, og var ein forkjempar for religiøs og politisk friheit. Dette kom tydeleg fram i det han skreiv. Det tapte paradis Det tapte paradis er ei forteljing, skriven som eit episk dikt.
Her følgjer ein Satan, og eit av temaa er kvifor det hender så mykje fælt i verda når Gud er så god og allmektig.
Det endar med at Satan får høyre frå ein engel at absolutt alt som hender er Gud sin plan, også han. BAROKKEN
Full transcript