Loading presentation...

Present Remotely

Send the link below via email or IM

Copy

Present to your audience

Start remote presentation

  • Invited audience members will follow you as you navigate and present
  • People invited to a presentation do not need a Prezi account
  • This link expires 10 minutes after you close the presentation
  • A maximum of 30 users can follow your presentation
  • Learn more about this feature in our knowledge base article

Do you really want to delete this prezi?

Neither you, nor the coeditors you shared it with will be able to recover it again.

DeleteCancel

Make your likes visible on Facebook?

Connect your Facebook account to Prezi and let your likes appear on your timeline.
You can change this under Settings & Account at any time.

No, thanks

Hug til å skrive

No description
by

Halvor Thengs

on 20 October 2014

Comments (0)

Please log in to add your comment.

Report abuse

Transcript of Hug til å skrive

Hug til å skrive
Om å byggje setningar i bokmål og nynorsk.
Setningsbygging
Det finst viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk når det gjeld å skrive gode setningar. I denne presentasjonen skal me ta føre oss seks ulike område der dei to målformene skil lag. Meistrar du desse, blir du ein betre skrivar, både på hovudmålet og sidemålet ditt!

Kjelder til fagstoff og oppgåver:
Jansson, B. K. og Lockertsen, R. 2002. "På godt nynorsk". 7. opplag. Samlaget
Genitiv
Passiv
Dobbel bestemming
Substantivsjuke og abstraksjon
Oppgåver
Markerer (eigedoms)forhold i tekst.

BM: Romanens høydepunkt
NN: Høgdepunktet i romanen

Det finst ulike strategiar for å markere genitiv i nynorsk:
Med preposisjonsuttrykk
Med samansetjing
Omskriving med relativsetning
Utan omskriving

Med preposisjonsuttrykk:
BM: Klubbens lokale
NN: Lokalet til klubben
Med samansetjing:
BM: Klubbens lokale
NN: Klubblokalet
Omskriving med relativsetning:
BM: Klubbens lokale
NN: Lokalet som klubben eig
Utan omskriving:
I enkelte tilfelle kan ein nytte genitivs-s på nynorsk. Det gjeld når ein har med namn og faste uttrykk å gjere:

Eksempel:
Norges idrettshøgskole
ein times tid
Ein nyttar ikkje passiv like ofte i nynorsk som i bokmål, men det er fullt ut tillete. Skilnaden på ein aktiv- og ein passivsetning er at ein aktivsetning krev et subjekt:

Aktiv:
Jenta køyrer bilen til butikken.
Passiv:
Bilen vert køyrd til butikken (av jenta).


I nynorsk nyttar me verbet "å bli/å verte" i passivkonstruksjonar:
Spelaren blei/vart bytta ut (av trenaren).

Ein kan og nytte endinga -ast i passiv, men då berre etter dei modale hjelpeverba "må/bør/lyt/skal/kan":
Han har skada seg, og må byttast ut.
Med "bestemming" forstår me dei orda og endingane som syner i kva for form substantivet står:
Utan bestemming: hus
Enkel bestemming: hus
et
Dobbel bestemming:
det
hus
et

Både i nynorsk og bokmål nyttar me dobbel bestemming, men det er meir vanleg i nynorsk.
Etterstilt eigedomspronomen:

Ein annan form for dobbel bestemming er
det
etterstilte eigedomspronomen
et
. I bokmål kan ein skrive "
mitt hus
" eller "
mine brødre
", "
våre regler
" eller "
dine bøker
".
I nynorsk skriv ein normalt med eigedomspronomenet etter substantivet, med mindre ein vil leggje trykk på nettopp eigedomspronomenet:
huset mitt
brørne mine
reglane våre
bøkene dine
Denne siste kategorien skilnader mellom bokmål og nynorsk er kanskje vanskeleg å få fatt på, men han handlar i all hovudsak om at ein nyttar eit meir tydeleg språk når ein skriv på nynorsk.
Substantivsjuke
har ein når ein skriv eit unødvendig komplisert norsk der ein med fordel kunne ha forenkla.
Abstraksjon
handlar om på kva for eit nivå ein legg språket. Om ein vil syne store kunnskapar, legg ein seg gjerne på eit høgare abstraksjonsnivå (der ein til dømes kallar ein
bil
for eit
framkomstmiddel
). I nynorsk er det ein dygd å kunne uttrykke seg konkret og tydeleg.
Substantivsjuke:
BM:
Vakten iverksatte utkastelse av bråkmakerne.
NN:
Vakten kasta ut bråkmakarane.
Abstraksjon:
Ikkje greitt:
Min foresatte rekvirerte en personlig informasjonsbehandlingsmaskin i går.
Greitt:
Mamma kjøpte ny PC i går.
1) Genitiv - Skriv om uttrykka til betre nynorsk:
Ostens hol
Radioens programtilbod
Mi mors middagar
Gitaristens spel
Postens stempel
Filmens regissør
2) Passiv - Rett passiv-feil i setningane under:
Saka klargjordest i brevet.
Arbeidet igangsetjast neste veke.
Genitiv skrivast på fem ulike måtar.
Det arbeidast for meir pengar til skolesektoren.
3) Dobbel bestemming/etterstilt eigedomspronomen - skriv setningane om til betre nynorsk:
Eg gav mi tante ei bok i gåve. Slik behandlar ein ikkje sin venn. Eg er av den meining at eg lett kan lære nynorsk. Her er vårt siste utkast. Likar du din nye skole?
4) Substantivsjuke/abstraksjon - skriv setningane om til betre nynorsk:
Ho foretok innkjøp av proviant til turen.
Amerikanarane iverksette sprenging av atombomba over Hiroshima.
Elevane må utvise varsemd med bruk av dansk-tyske lånord i nynorsk.
Full transcript